Å ha born i kulturskulen

Vi i kulturskulen vil gjere alt vi kan for at barnet ditt trivst hos oss og samstundes får læring for livet. Å få undervisning i kulturfag er det vi kaller generelt læringsfremjande. Dei krav ein stiller til arbeid og disiplin vil barnet ha nytte av også i andre samanheng.

For å få eit godt utbyte av tida i kulturskulen er det viktig at du som føresett er med å støtter opp om aktiviteten. Her følgjer nokre tips i den samenheng.

Det er viktig at du som føresett gir deg tid til:

* å passe på at barnet ditt møter til timen
* å bry deg om kva barnet ditt gjer i kulturskulen
* å høyra/sjå på når barnet øver/trener
* å oppmuntre barnet til å øve/trene heime
* å la barnet forklare deg det ho har lært
* å hjelpe barnet med å setje øving/trening på
timeplanen

Ikkje alltid moro!
Det å drive på med kunst og kultur er ikkje alltid moro. Ofte kan innlæringsfasen synast tung og kjedelig.
Når resultatet ligg føre, opplever ein ofte innlæringstida som naudsynt og verdifull. Den har gitt oss ny kunskap som gjer at neste gang så går alt lettare.

Legg tilhøva tilrette for heimeøving
* fast plass
* fast tid, gjerne sammen med skuleleksar
* la barnet få ro
* ikkje aksepter at barnet "ikkje får til", prøv å     
løyse problem saman

 

Dette er det viktig du gjer
Oppmuntre barnet ditt til å høyre på andre som speler. Det er nyttig både å høyra på profesjonelle og på andre barn. Gå på konsertar, framsyningar og utstillingar, både store og små.

La barnet få bruke fantasien til å utforske saker. 
La barnet bruke ordspel, rim, tullesongar.
La barnet lage moderne kunst, lage dokketeater, kle seg ut.
La barnet få lage framsyningar og konsertar heime.
La barnet få syngje, spele teater og lage bilder saman med deg.

Kort sagt: sett ikkje grenser på dette, men la fantasien få fritt spelerom.

Gi rom for variasjon. Både "seriøs" kunst og "lettare underhaldning" er viktig.

Kulturskulen sine forventningar
Det er frivillig å gå i kulturskulen. Har ein tatt imot plass,
forventar skulen at ein tar med dei forpliktingane som følgjer
med plassen. Sjå meir i elevreglementet Vi vil også at elevane i kulturskolen skal ta del i dei arrangementa kulturskolen står for. Dette står det også litt om i reglementet. I tillegg forpliktar ein seg til å delta på samspel, prosjekt, konsert/utstilling der det er naturleg.

Sist oppdatert (tysdag 09. mai 2017 12:21)