Kort info om tilboda.

Piano
Som elev på piano vil du få undervisning aleine ei gong i veka i mins 20 minutter. Nokre gongar vil du spele saman med andre. Dette blir gjort etter avtale. Målet er at du skal lære ting som sittestilling, håndstilling, anslagsteknikk og fingersetting. I tillegg skal du lære elementær teori og notasjon. Du vil og drive med lytting, klang, tonedannelse, rytme og gehørspill.

Keyboard
Som elev på keyboard vil du få undervisning aleine ei gong i veka i minst 20 minutter. Nokre gongar vil du spele saman med andre. Dette blir gjort etter avtale. Målet er at du skal lære ting som sittestilling, håndstilling, anslagsteknikk, fingersetting. I tillegg skal du lære elementær teori og notasjon. Du vil drive med lytting, klang, tonedannelse, rytme og gehørspill. Opplæring på keyboard sidestillast med piano og undervisning kan derfor bli gjort på piano hos oss.

Gitar
Som elev på gitar vil du få undervisning aleine ei gong i veka i minst 20 minutter. Nokre gongar vil du spele saman med andre. Dette blir gjort etter avtale. Målet er at du skal lære ting som sittestilling, håndstilling, anslagsteknikk og grep. I tillegg skal du lære elementær teori og notasjon, du vil få lære å stemme instrumentet. Du vil drive med lytting, klang, tonedannelse, rytme og gehørspill.

Aspirant til korps
Dersom du vil spille i eit av skulekorpsa i kommunen, kan du melde deg inn her. Kulturskulen vil då i samarbeid med korpset sørge for at du får instrument og speletime.  Elevpengar blir betalt etter faktura frå kulturskulen.

Visuell kunst
Vi blir kjent med ulike kunstneriske prosesser og materialer.   Tegning, maling, skulptur, foto, grafikk, installasjon, animasjon, gate kunst,  performance, illustrasjon er noen av områdene vi er innom.  De eldre elevene har hatt stor glede av kultur kveld der vi besøker galleri åpninger, blir kjent med kunstnere.  Det hender vi også får besøk av kunstnere som deler sine arbeidsmetoder med oss.  For de yngre elevene blir det arrangert workshop der vi samles for å kombinere kunst og sosialt samvær. Det er to utstillinger i løpet av året.  Julekonserten i Valestrand kulturkirke og en avslutnings utstilling i Sveio bibliotek.

Gøy med kulturskulen!

Sveio kulturskule vil også i skuleåret 2017/2018 tilby gratis kulturskuleundervisning for elevar på 4. trinn. Undervisninga vil gå føre seg på Vigdartun i kulturskulen sine lokaler, der vi møtast etter skuletid. Dag og tid er ikkje bestemt, men bli elevane sin timeplan som i år vil vi fortsetje med onsdag kl 12.30. Tilbodet er gratis og for alle elevane i 4. klasse i kommunen, men har dei same retningslinene for oppmøte som anna undervisning kulturskulen har. Det vil sei at dei føresette då må sørge for at eleven blir frakta til undervisninga. Kulturskulen har ukuleler, minitrompeter og iPad som elevane kan få låna på timane, men det vert ikkje høve til å få med desse instrumenta heim.

Undervisninga vil mellom anna innehalde dette:
Spel: ukulele, minitrompet
Leikbetonte musikkaktivitetar
Komponering: Lage musikk på iPad til bilder og film ein tar sjølv
Lytting: lage fortelling, teikning m.m. som henger saman med musikk ein får høyra

Vi spelar i band
Sveio kulturskule vil også i skuleåret 2017/2018 tilby gratis kulturskuleundervisning for elevar på 5.-7. trinn på Vikse skule. Tilbodet er å spele i pop/rock band. Vi møtast ein gong i veka rett etter skuletid. Tilbodet er altså gratis, men har dei same retningslinene for oppmøte som anna undervisning kulturskulen har. Det vil sei at dei føresette då må sørge for at eleven blir frakta til undervisninga. Kulturskulen har instrument som elevane elevane kan få låna på timane, men det vert ikkje høve til å få med desse instrumenta heim. Undervisninga er open for alle i kommunen som går på 5.-7. trinn.

Undervisninga vil mellom anna innehalde dette:
Spel: på ulike band-instrumentar
Lage eigne songar
Lære songar på gehør

 

Sist oppdatert (tysdag 09. mai 2017 12:20)