Elevreglement

Her kan du lese nokre enkle reglar om kva vi krev av eleven og kve dei kan krevje av oss.

 

 

1. Den som blir tatt opp som elev, må binde seg for heile skuleåret om ikkje anna er sagt. Ønskjer ein elev å avbryta undervisninga i skuleåret, kan ein gå med på å gi permisjon resten av året.

2. Oppseiing må skje skriftleg. Om musikkskulen ikkje mottat oppseiing innan 25. april, går eleven automatisk vidare til eit nytt skuleår. Oppseiing skjer på eige skjema.

3. Elevavgift blir delt i to og betalast ein gong kvart semester. Elevavgift kan bli refundert/ettergitt ved flytting eller lengre tids sjukdom.(meir enn 4 veker).

4. Ved sjukdom e.a. hos lærar, kan det gå ut inntil 3 gongar før ein har krav på tilbakebetaling av elevavgift..

5. Eleven plikter å møte presis og førebudd til undervisning. Sjukdom eller annan tvingande grunn til fråver må ein om mogeleg gi melding om på førehand til læraren. Eleven kan ikkje få forsømte timar tilbake.

6. Dersom eit av skulen sine instrument får ein skade, skal ein straks gi melding om dette til musikkskulen. Om dårleg handsaming er skuld i skaden , må e leven sjølv betale for den.

7. Ein må akseptere at undervisninga kan bli organisert i andre former enn den "vanlege", t.d. i samspelgruppe, prosjekt o.l.

8. Ved gjentatte fråver utan melding, ved manglande interesse for arbeidet eller av disiplinære årsaker, kan rektor etter tilråding frå lærar, utelukke elevar frå undervisninga.

Sist oppdatert (søndag 09. oktober 2011 17:49)